På jakt etter ein påliteleg byggmeister?
Skjeldestad Bygg AS er ein erfaren byggmeister med stoltheit for faget. Me utfører alt frå små oppdrag til mellomstore prosjekt – frå nybygg og rehabilitering til montering, bad og uteområde. Me legg vekt på kvalitet, tryggleik og god kommunikasjon.
Me står klare til å hjelpe deg med små og mellomstore prosjekt – alltid med fagleg stoltheit og god oppfølging.
Vi er eit mindre firma, og det betyr at du som kunde får tett og personleg oppfølging frå start til slutt.
Me brukar berre fagfolk med dokumentert kompetanse, og me følgjer alle gjeldande forskrifter og byggestandardar.
Våre tenester
Nybygg og tilbygg
Me bygger nye bustader frå grunnen av – alt frå små hytter til einebustader og garasjar. Prosessen blir tilpassa dine ønskjer og budsjett, og me er med deg frå planlegging til ferdigstilling. Som byggmeister sikrar me at arbeidet er i tråd med alle krav og standardar.
Tak
Eit nytt tak gjev huset nytt liv og sikrar det mot vær og vind i mange år framover. Me leverer solide løysingar tilpassa ditt hus og dine behov, med fokus på faghandverk og varig kvalitet. Når du vel oss til å skifte tak, får du eit resultat du kan stole på – frå første spikar til ferdig tak.
Rehabilitering
Me tek på oss oppgradering av eldre bygg, både innvendig og utvendig. Rehabilitering krev fagkunnskap og omtanke – og me leverer løysingar som både tek vare på uttrykket og fornyar funksjonen. Perfekt for deg som vil bevare, men modernisere.
Bad og kjøkken
Full oppussing av bad og kjøkken med fokus på funksjon og kvalitet. Me samordnar med andre faggrupper og sørgjer for at alt er trygt og forskriftsmessig utført. Resultatet blir praktiske rom du vil trivast i – kvar dag.
Terrasse og uteområde
Utvid bustaden med eit godt uterom! Me bygger solide og funksjonelle terrassar, verandaer, pergola og leveggar tilpassa både bustaden og terrenget. Me gir deg eit utemiljø du kan nyte heile året.
Dører og vindauge
Treng du å skifte ut gamle vindauge, ytterdører eller setje inn nye glasfelt? Me monterer alt frå tradisjonelle dører til moderne skyvedører og energivindauge.
Nokre av våre tidlegare prosjekt
Oppsetting av
ny hytte på
Filefjell
Her har mi utført alt tømrararbeid frå start til slutt.
Nytt tak
Totalrehablitering av tak
Rehablitering av gammalt stovehus
Tekst